VOSS SIKRINGSRADIOLAG FEIRER 25 ÅR!

Voss Sikringsradiolag feirer drift i 25 år i tillegg til at de har ferdigstilt oppgradering av de tre basestasjoner som de drifter!
Bjørn Hystad, leder i Voss Sikringsradiolag, informerer:
Voss Sikringsradiolag er 25 år i år. Laget markerer også at ein no er ferdig med oppgradering av alle tre basestasjonane. Den siste, basestasjonen på Vossestrand, vart oppgradert den 24. oktober. Sender du no ein naudalarm i område Vossestrand, kanal 5, så går alarmen direkte til 110-sentralen i Bergen via telefonoverdrag, og ikkje som tidlegare til Vossestrand Omsorgstun. Dette er sjølvsagt ei mykje betre ordning for medlemane.
Voss kommune er ein fjellkommune med høge fjell og djupe dalar. For å få ein god dekning så har ein måtta byggja ut med tre basestasjonar. Dei to andre basestasjonane er som før: Hanguren, som dekker sentrale område i vossabygda på kanall 7 og Styveshorgi, som dekker kommunen i vest på kanal 2.
Sikringsradioen har fordeler som mobiltelefonen ikkje har. I tillegg til at ein handhalden radio er meir hensiktsmessig under dyresanking eller jakt, vil sikringsradioen fungere i område utan mobildekning. I vårt område med tre basestasjonar strategisk plassert høgt i terrenget, har sikringsradioen milevis rekkevidde på sambandet. Skulle ein vera utsett for ei ulukke og treng hjelp, er eitt trykk på naudknappen nok. Då vert ein sett i direkte kontakt med 110-sentralen i Bergen, som straks ser kven den naudstilte er, og rekvirerer hjelp.
Alle brukarar av sikringsradioen blir registrerte i sikringsradioregisteret, eit register alle 110-sentralane har tilgang til. Det er difor viktig at alle opplysningane i registeret er korrekte. Som brukar får ein eigen tilgang til delar av registeret, slik at ein kan oppdatere adresse, telefonnummer, e-post og namn m.m. til nære relasjonar. Har du ikkje tilgang til sikringsradioregisteret, send ein e-post til post@sradioen.no så får du logg-inn-namn og passord i retur.
Har du lest disse?
Riktig bruk av PMR-utstyr!
Det er viktig å kjenne til retningslinjer for bruk av ulike frekvenser i ditt PMR-utstyr, her er det mange som slurver. Nkom jobber også for å tilrettelegge best mulig for god bruk av PMR-utstyr!
Bedre rekkevidde og strømtilførsel for basestasjon i Nome!
Endelig er både rekkevidde og strømtilførsel for basestasjon plassert på Hestefjell (SIKR 2) oppgradert. Dette vil gi en driftssikker og bedre brukeropplevelse for alle sikringsradiobrukere i området!
Norges mest moderne og stilige sikringsradiobase?
Seljord sikringsradiolag har gjennom 2021 gjort en formidabel jobb med oppgradering av sin baseplassering. Vi kan vel med letthet si at dette nå er landets flotteste “sikringsradio-bu” hvis vi lar arkitektur være en avgjørende faktor!